Seks kandidatar til å bli biskop i Bjørgvin

Det er no seks nominerte kandidatar til å bli ny biskop i Bjørgvin. Bjørgvin bispedømeråd nominerte fem kandidatar den 18. november. I tillegg har over hundre medlemer av kyrkja stilt seg bak ein supplerande nominasjon av sokneprest Kjersti Gautestad Norheim som bispekandidat. Alle seks kandidatane vil bli presenterte på eit ope arrangement 6. desember.

Følgjande kandidatar er nominerte til å bli biskop i Bjørgvin (oppe f.v.): Stephanie Dietrich (foto: Erlend Berge), Sunniva Gylver (foto: Harald Bø), Ragnhild Jepsen, Nils Terje Lunde (foto: Forsvaret), Kjersti Gautestad Norheim (foto: Gyrid Cecilie Nygaard) og Gudmund Waaler.

Dei nominerte  (i alfabetisk rekkefølgje)

  • Stephanie Dietrich (56), professor ved VID
  • Sunniva Gylver (55), sokneprest i Fagerborg
  • Ragnhild Jepsen (53), domprost i Nidaros
  • Nils Terje Lunde (51), nestkommanderande i Forsvarets tros- og livssynskorps
  • Kjersti Gautestad Norheim (48), sokneprest i Birkeland
  • Gudmund Waaler (59), domprost i Bjørgvin

Det er fire kvinner og to menn som er nominert. Dei er i alderen 48 til 59 år.

Kandidatane sine svar på 10 spørsmål finn du på sida for kvar kandidat (sjå lenke i boksar nedst på denne sida). Ei samling av CV-ane til alle kandidatane, finn du nedst på denne sida. Denne har tilfeldig rekkefølgje, den er ikkje alfabetisk.

Då bispedømerådet gjekk offentleg ut og ba om forslag på navn til mogelege bispekandidatar, kom det inn forslag på 96 ulike kandidatar. Bispedømerådet har ikkje vore bundne til å vurdera berre desse kandidatane, dei har også hatt høve til å intervjua kandidatar som ikkje stod på lista. 

Dei fem kandidatane som er nominerte av bispedømerådet, er valde ut etter intervju og behandling i Bjørgvin bispedømeråd. – Det har vore spennande og interessante intervju, seier Vemund Øiestad som er leiar i Bjørgvin bispedømeråd.

I bispedømerådsmøtet som gjorde vedtak om nominasjon av nye bispekandidatar til Bjørgvin, var desse med (f.v.): Biskop Halvor Nordhaug, Nora Sætre Baartvedt, Karl Johan Kirkebø, Turid Fjose, Oddny Irene Miljeteig (nestlaiar), Vemund Atle Øiestad (leiar), Jan Ove Fjelltveit (stiftsdirektør og sekretær for bispedømerådet, ikkje stemmerett), Astrid Fylling, Kjersti Brakestad Boge, Per Hilleren og Anita Apelthun Sæle.

Etter rådets nominasjon er det etter regelverket høve til supplerande nominasjon, innan 2. desember 2022. Sjå lenke til reglar for dette nedst på denne sida.

Pr. 29. november er det klart at minst ein kandidat, Kjersti Gautestad Norheim, er nominert gjennom supplerande nominasjon.

Den 6. desember vil alle nominerte kandidatar bli presenterte gjennom intervju og ein felles samtale. Denne presentasjonen, som vil gå føre seg i St. Jakob, er i regi av Kyrkjerådet og vil vera open for publikum. Den kan også følgjast direkte på nettet. 

Rådgjevande avstemming mellom 5. desember og 5. januar

Neste steg i valprosessen er rådgjevande avstemming fram til 5. januar. Dei som har stemmerett er sokneråda (utan soknepresten) og ungdomsrådet i Bjørgvin, alle prestar og vigsla kateketar, diakonar og kantorar i ordna kyrkjeleg stilling bispedømet, prostane i heile landet, representantar frå teologiske utdanningsinstitusjonar og representantar frå Ungdommens kyrkjemøte. Sjå detaljar om dette på nettsida om prosessen ved bispeskiftet i Bjørgvin (lenke nedst på sida).

Når det står att tre kandidatar, skal alle biskopane og bispedømerådet i Bjørgvin gje sin uttale før Kyrkjerådet bestemmer kven av desse som blir den 35. biskopen i Bjørgvin.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"